Om konfirmasjon i Hustadvika


I kyrkja er det rom for både tvil og tru, usikkerheit, undring og ulike meiningar.

 

 

Vel du å vere konfirmant her hos oss, håpar vi på å gje deg litt nyttig «bagasje» som du kan ha med deg vidare gjennom livet. 

 

 

Dåp og konfirmasjon


Konfirmasjon betyr å bekrefte. Når du vel kristen konfirmasjon blir løfta du fekk gjennom dåpen bekrefta:   

  • At du er omslutta av Guds kjærleik
  • At du er ein del av kyrkja

Er du ikkje døypt? Du er velkomen til å delta i konfirmantopplegget sjølv om du ikkje er døypt, men dåpen er ein føresetnad for å delta i den avsluttande forbønnsgudstenesta. Du kan bruke konfirmasjonstida til å sjå om du vil bli døypt og konfirmert.

Er du døypt i eit anna kyrkjesamfunn treng du ikkje døype deg på nytt for å bli konfirmert.

 

Konfirmanttid for alle!


Vi vil at konfirmanttida skal vere for alle, uansett! Er du redd for at du ikkje passer inn? Det gjer du! Men nokon treng kanskje litt ekstra tilrettelegging, og da er det fint om de seier kva vi kan gjere for at konfirmanttida skal bli best mogleg for deg.

 

Konfirmantopplegget


  • Temasamlingar: 7 samlingar knytta opp til den lokale kyrkja på ettermiddag/kveldstid (litt fleire, kortare samlingar på Eide). I Elnesvågen har vi nokre grupper som har dei fleste samlingane på bedehuset.
  • Konfirmantleir på Frænabu (her er vi avhengig av at foreldra stiller opp).
  • Pilegrimsvandring.
  • Lysmesse.
  • Kirkens Nødhjelps fasteaksjon (årlig innsamlingsaksjon i regi av Kirkens Nødhjelp).
  • 4 sjølvvalde gudstenester.
  • Presentasjons-, samtale- og konfirmasjonsgudsteneste. Samt øvingar til desse.

 

Mest sannsylege konfirmasjonsdatoar vidare:


2021

Bud: 4. og 5. september

Eide: 18. og 19. september

Hustad: 28. og 29. august

Myrbostad: 4., 5., 11. og 12. september

Vågøy: 21.og 22. august

 

2022

Bud: 7. og 8. mai

Eide: 7. og 8. mai

Hustad: 26. mai

Myrbostad: 14. og 15. mai

Vågøy: 8. mai

 

Er det store konfirmantkull blir det fleire enn ei konfirmasjonsgudsteneste i fleire av kyrkjene. Då blir det i utgangspunktet to på den same dagen, men det kan og bli på ulike dagar. I tillegg må vi berre sjå an kva myndigheitene seier om kor mange vi får lov å vere samla i kyrkjene.

 

Ansvarleg for konfirmasjonsførebuingane i kyrkjelydane i Hustadvika er for tida:


Ragnhild Fuglseth, sokneprest i Eide
Finn Ove Kaldhol, sokneprest i Vågøy/Myrbostad
Svein Audun Hatlen, sokneprest i Bud og Hustad
Bjørg Myhre, prestevikar

I tillegg er Tommy Stormo, prestevikar, også med. 

Vi vil gjerne høyre frå deg, så har du spørsmål om konfirmasjon, ta kontakt. Det kan du gjere ved å ringje til kyrkjekontoret på 712 66 670 eller ta direkte kontakt med ein av prestane. Info om deira nr. finn du når du trykkjer på "om oss".

E-post til kyrkjekontoret: kyrkjekontoret@hustadvikamenighet.no 

 

 

 

Tilbake