Ny kapellan på plass frå september


Bjørg Marie Myhre har takka ja til å vere prestevikar hos oss, i første omgang i eit år. 

 

Mange kjenner Bjørg frå før, etter at ho har jobba i NMSU (barne- og ungdomsorganisasjonen til det norske misjonsselskap)  i mange år. Dei siste åra har ho jobba i kyrkjene i Nesset, og no skal ho bli prest. Medan ho tar praktisk teologisk utdanning skal ho jobbe i kapellanstillnga her i 80%. I første omgong er ho tilsett for eit år. 

Ho startar i jobben 1.september, og vi gler oss til å få henne hit! 

Tilbake