Velkommen som konfirmant!
Invitasjonane er sendt ut og mange har meldt seg på til konfirmantundervisning no til hausten. For sjølv om at noko kanskje blir litt annleis enn vanleg, og vegen blir litt til mens vi går no når pandemien herjar, veit vi at det blir konfirmasjon også i 2022.
Påmeldinga vart opna 1. juni. For deg som er født i 2007 og ønskjer konfirmasjon, er det berre å melde seg på. Du er hjarteleg velkommen til det, døypt eller ikkje døypt!
Mest sannsylege konfirmasjonsdatoar i 2022
Bud: 7. og 8. mai
Vågøy: 8. mai
Myrbostad: 14. og 15. mai
Hustad: 26. mai
Eide: 7. og 8. mai