Vel møtt til kyrkje - husk smittevernsråd
Kyrkjene er heldigvis opne igjen og har vore det ei god stund. Vi har gjennomført godt over 20 konfirmasjonsgudstenester, og ein god del dåpsgudstenester i tilligg til dei "vanlege" gudstenestene våre. Bryllaup og gravferder har vi også. Så langt har det ikkje vore noko smitte knytt til det som har skjedd i kyrkjene våre. Dette er vi glade for, og vi jobbar for at det skal halde fram å vere slike.
Vi må derfor framleis jobbe godt med smittevern, og minner om dei generelle smittevernsreglane som gjeld for alle:
- husk god hand- og hostehygiene
- hald avstand til dei du ikkje er i husstand med
- hald deg heime om du har symptom på sjukdom.
Det er opna for at vi kan vere 200 personar samla. Dette er det ikkje plass til i kyrkjene våre med dei smittevernstiltaka vi må følgje. Med einmetersregelen er det følgande antal som får plass i kyrkjene:
Bud: 52
Eide: 60
Gaustad kapell: 30
Hustad: 62
Myrbostad: 72
Vågøy: 80
Dei som høyrer til i same husstand kan sitje nærare kvarandre, det gjer at vi kan få inn fleire, men vi er langt unna vanleg kapasitet. Annakvar benk er avstengt for å sikre at vi kan halde avstanden.
Til vanlege gudstenester har vi plass til dei som kjem, så ikkje ver redd for å møte opp på gudsteneste.
De som kjem må framleis tenke på å halde ein meters avstand til folk ein ikkje er i husstand med og vaske hendene eller bruke sprit (vi har sprit ståande innanfor døra). Ikkje stopp opp i våpenhuset for å prate med folk - her kan det fort bli trangt og vanskeleg å ta omsyn til kvarandre.
Når vi feirer nattverd er hygienen strengt ivaretatt. Ta eit beger - så blir brødet lagt i det (du kan helle det rett i munnen om du ikkje vil ta i det med hendene), så blir også vinen helt i begeret etterpå.
Av smittesporingsomsyn er det slik at vi må notere ned alle som kjem, og dei listene blir oppbevarte i 10 dagar. Kom dermed gjerne i litt god tid, så vi rekk å skrive dykk inn på veg inn.