For alle som går på 4. og 5. trinn!
Bibelen er den viktigaste boka i kyrkja og den mest leste boka i verda. Mange land har basert grunnlova si på verdiane frå Bibelen. Det er viktig at barn og unge har kjennskap til denne boka for å kunne relatere seg til den.
I gamle Fræna deler vi ut ei fargerik bok som heiter «Tidslinja – Den store forteljinga i Bibelen» til dei som går på 4. og 5. trinn. Denne boka fortel mange av dei viktige historiane i Bibelen, og har ei tidslinje som gjer at vi kan sjå historiane i samanheng. Ein søndag i januar/februar blir dei som fyller 10 eller 11 år i løpet av året spesielt inviterte til ein SuperSøndag i kyrkja kl 1700-1830. Då vert det overrekking av "Tidslinja" til alle som kjem. Vi registrer dykk når de kjem til kyrkja, så vi veit kven som er til stades og skal ropast opp.
Datoane for utdelinga i 2025 er:
Vågøy kyrkje 02.02. kl 1700
Bud kyrkje 09.02. kl 1700
I tillegg til utdelinga inviterer vi alle til å vere med på "Kode B". Hustad og Vågøy får tilbodet i oddetallsår. Bud og Myrbostad får tilbodet i partallsår. Gjennom aktivitetar, leik, Bibel-grublisar, filmsnuttar, snacks og dans, vil deltakarane bli kjende med Bibelen.
Dei store spørsmåla
Korleis vart jorda til? Kvifor er det ulike folkeslag og ulike språk? Korleis kom det vonde inn i verda? Kven er Jesus? Korleis har Bibelen betydning for mitt liv?
Dette er spørsmål vi tek opp.
Vi skal også lære om Bibelen og korleis den er oppbygd.
Opplegget i lokalene til Jendem skole
samling 1: mandag 20.01. kl. 1415-1545
samling 2: onsdag 22.01. kl. 1145-1315
samling 3: mandag 27.01. kl. 1415-1545
Opplegget i lokalene til Hustad skole
torsdager kl. 1415-1545
samling 1: 30.01.
samling 2: 06.02.
samling 3: 13.02.
Klarer vi å bli en liten gjeng som møtes direkte etter skoletid disse dagene??
Kvar KodeB-samling har eit nytt tema. Så barna burde absolutt få med seg alle dei tre samlingane. Om man allerede veit at man ikkje kan vere med kvar gong, er det betre å bli med ein eller to gongar enn aldri =)
Alle interesserte er velkommen. Medlem i Den norske kyrkja får invitasjon i posten. Du er óg hjerteleg velkommen om du ikkje er medlem og berre vil få vite meir om Bibelen og delta i eit fellesskap.
Påmelding til KodeB-samlingane gjer du HER.