Utdeling av "Tidslinja" og Kode B (11år)


For alle som går på 5. trinn! 

Bibelen er den viktigaste boka i kyrkja og den mest leste boka i verda. Mange land har basert grunnlova si på verdiane frå Bibelen. Det er viktig at barn og unge har kjennskap til denne boka for å kunne relatere seg til den.

I gamle Fræna deler vi ut ei fargerik bok som heiter «Tidslinja – Den store forteljinga i Bibelen» til dei som går på 5. trinn. Denne boka fortel mange av dei viktige historiane i Bibelen, og har ei tidslinje som gjer at vi kan sjå historiane i samanheng. Ein søndag i januar/februar blir dei som fyller 11 år i løpet av året spesielt inviterte til gudsteneste. Da vert det overrekking av "Tidslinja" til alle som kjem. Vi registrer dykk når de kjem til kyrkja, så vi veit kven som er til stades og skal ropast opp, og om de vil ha boka på bokmål eller nynorsk. 

Datoane for utdelinga i 2023 er:

Hustad        22.01. kl 11

Myrbostad   22.01. kl 16 (merk klokkeslett!)

Vågøy         05.02. kl 11

Bud            12.02. kl 11

 

I tillegg til utdelinga inviterer vi alle til å vere med på "Kode B". Bud og Hustad blir invitert saman og Vågøy/Myrbostad blir invitert saman. Gjennom aktivitetar, leiker, gåter, andaktar, song og dans, vil Kode B-deltakarane bli kjende med Bibelen.

Dei store spørsmåla

Korleis vart jorda til? Kvifor er det ulike folkeslag og ulike språk? Korleis kom det vonde inn i verda? Kven er Jesus? Korleis har Bibelen betydning for mitt liv?
Dette er spørsmål Kode B tek opp.
Vi skal også lære om Bibelen og korleis den er oppbygd.

 

Hustad og Bud (felles opplegg på Bud Samfunnshus)

23.01.2023, kl 1800-2000

06.02.2023, kl 1800-2000

06.03.2023, kl 1800-2000

 

 

Vågøy og Myrbostad (felles opplegg på Sandsbukta Bygdahus)

30.01.2023, kl 1800-2000

13.02.2023, kl 1800-2000

27.02.2023, kl 1800-2000

 

Samlingane har ulike tema. Så barna burde absolutt få med seg alle dei tre samlingane. Om man allerede veit at man ikkje kan vere med kvar gong, er det betre å bli med ein eller to gongar enn aldri =)

Medlem i Den norske kyrkja får invitasjon i posten. Du er óg hjerteleg velkommen om du ikkje er medlem og berre vil få vite meir om Bibelen og delta i eit fellesskap.

 

Påmelding til KodeB samlingene gjør du HER.

 

Tilbake