Spisebrikke til 2-åringene
Barna høyrer like mykje til i kyrkja som vaksne gjer, men gudstenestene er ikkje alltid like lette å vere med på når ein er liten. Vi arrangerer derfor kvart år ei småbarnsgudsteneste som blir lagt opp med mykje song, bevegelse og forteljing som passar for små born. I 2021 var denne gudstenesta søndag 6.juni kl 11:00 i Myrbostad kyrkje.
Alle barn frå heile kommunen er hjarteleg velkomne, og de som fyller 2 år i år er spesielt inviterte til å komme og få ein spisebrikke med bordvers på!
For å ha litt oversikt over kor mange 2-åringar som kjem og kor mange spisebrikkar vi dermed skal dele ut, er det fint om de sender ei melding til nr 47 500 377 eller ein e-post til kyrkjekontoret@hustadvikamenighet.no om de veit de kjem. Men de er velkomne også om de ikkje har gjort det!
Det blir sendt ut invitasjon til 2-åringane som er medlem, i forkant av gudstenesta. De er velkomne også om de ikkje har fått invitasjon!